Filmmakeriet (2017)
  • Heim
  • Produksjonar
  • Om oss
  • Referansar

Om Filmmakeriet AS

Kontakt oss: 
​andre@filmmakeriet.no
+47 90756489

​
Filmmakeriet AS er eit produksjonsselskap som lagar tv-produksjonar for eit norsk og internasjonalt publikum.
I tillegg lagar vi filmar på oppdrag frå organisasjonar, bedrifter og det offentlege.
​Vi har som mål at produksjonane våre skal begeistre, engasjere og røre eit stort publikum.


​
Filmmakeriet blei starta i 2009, og har sidan då produsert rundt 40 filmar. Lokala våre ligg sentralt i den gamle Norges Bank-bygninga på Stortorget på Lillehammer.
​Vi har eit stort nettverk av dyktige fagfolk som vi arbeider med ut frå behova til kvart enkelt filmprosjekt.

​André Folkestad, produsent og dagleg leiar

Picture
André Folkestad er utdanna tv- og radiojournalist frå Høgskulen i Volda med dokumentarfilm som spesialisering. I tillegg har han ei to-årig utdanning i musikk. André har sidan 1989 arbeidd i riksdekkande media, først i NRK og deretter i P4. Han har lang og brei erfaring som produsent, regissør, redaktør, prosjektleiar, journalist  og programleiar.  Han var ein del av leiargruppa i P4, der han også var prosjektleiar for utvikling av nyheitstenester og satsing på nye, digitale radiokanalar.

I 2009 starta André  produksjonsselskapet Filmmakeriet AS.

​Ingrid Ese Folkestad,  regissør og manusforfattar

Picture
Ingrid har lang erfaring med produksjon av dokumentarfilm og bruk av film i ulike læringssamanhengar.
Ingrid har over 15 års erfaring som regissør og prosjektleiar ved Høgskolen på Lillehammer, der ho har hatt ansvar for filmproduksjonen ved Senter for Livslang Læring.
​

Ingrid har utdanning innen medier og massekommunikasjon frå Universitetet i Bergen, har regiutdanning fra Høgskolen på Lillehammer og har utdanning som musikkpedagog frå Høgskolen i Bergen.
​Filmmakeriet AS, 6084 Larsnes, Norway. Org. nr. 995 498 154. Tlf. +47 90756489. E-post: andre@filmmakeriet.no
www.filmmakeriet.no 
20@20
  • Heim
  • Produksjonar
  • Om oss
  • Referansar